Steen Steensen Blicher
Steen Steensen Blicher | |
![]() | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 11. oktober 1782 Viborg i Danmark, Vium |
Død |
26. mars 1848 (65 år) |
Yrke | lyrikar, omsetjar, skribent, prest |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Far | Niels Blicher |
![]() | |
Steen Steensen Blicher på Commons |
Steen Steensen Blicher (11. oktober 1782–26. mars 1848) var ein dansk prest, diktar og forfattar.
Blicher var fødd i Vium ved Viborg, der faren var prest. Han vart cand.theol. i 1809 og vart året etter adjunkt i Randers, men braut av då han ikkje makta underordne seg og finne seg til rette med regelbunde arbeid. I fleire år var han paktar på prestegarden til faren. Frå 1819 var han sokneprest i Torning ved Viborg, og deretter i Spentrup ved Randers. Statsbankerotten i 1813 førte til at midelen han hadde gifta seg til, gjekk tapt. Sidan sleit han med stor skuld.
Blicher hadde ein rik givnad og dyrka allsidige interesser. Det førte til noko usamanhangande i personlegdommen hans. Fyrst og fremst er han diktar. Han tok til som lyrikar. Hovudverket hans her er «Trækfuglene». Men fyrst frå 1823 fann han si særeigne novellistiske form då han tok til med attforteljing av soger frå jysk folkeliv. Hovudverka her er: «En Landsbygdens Dagborg» og «'E. Bindstouw», med det siste verket la han grunnen til seinare dikting på jysk folkemål. Andre noveller er «Røverstuen», «Ak, hvor forandret», «Hosekræmmeren», «Præsten i Vejlby», «Telse», «Juleferierne» og «14 Dage i Jylland». I Blicher sine verk merkar ein påverknad frå opplysningstida, men i den lokalfarga realismen ser ein drag som peikar framover. Som diktar hadde han fin naturkjensle og evne til djup psykologi. Skildringane av landskap og menneske er råkande og allsidige. Blicher stod bak Himmelbjergfestane, dei fyrste dansk folkefestane.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norsk Allkunnebok. IV.bandet.1950