Hopp til innhald

Tottenham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tottenham
by
Tottenham rådhus
Land  England
Region Stor-London
Distrikt Haringey
Folketal 129 237
Postnummer N15, N17
Retningsnummer 0 20
Kart
Tottenham
51°35′51″N 0°04′05″W / 51.5975°N 0.068055555555556°W / 51.5975; -0.068055555555556
Wikimedia Commons: Tottenham

Tottenham er ein stad i bydelen Haringey nord i London. Det var opphavleg eit landleg område i Middlesex som blei urbanisert og gjort om til eit eige bydistrikt. I 1934 blei det ein valkrins (borough) og i 1965 blei det ein del av Haringey og dermed også Stor-London. Tottenham voks fram ved den romerske vegen Ermine Street.

Til 1870-åra budde få menneske i området, men så introduserte Great Eastern Railway spesielle togruter som arbeidarar hadde råd til å bruka for å pendla til arbeidet. Det blei derfor bygd mange billige arbeidarbustader i Tottenham, noko som over tid førte til at området blei ein forstad til London.

Elva Lea i utkanten av Tottenham utgjorde austgrensa for valkrinsen Tottenham og grensa mellom Middlesex og Essex. Før det var ho også grense for danelovsområda. Ho markerer nå grensa mellom Haringey og Waltham Forest.

Tottenham er heimstaden til Tottenham Hotspur FC og heimebanen til laget, White Hart Lane.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Tottenham